


Stranda er ikkje berre ein stad
Stranda er ikkje berre ein stad. Det er denne jobben, denne heimen, denne framtida, ja, kort sagt: Denne Stranda.
Er du på jakt etter draumejobben, framtidsheimen eller noko meir? Vi i Denne Stranda gjer det enklare for deg å finne jobb, bustad, nettverk – og kanskje oppdage denne kjensla; av å ha funne rett stad.
Gå til Denne heimen for å sjå korleis det er å bu her – eller til Denne jobben, der vi har samla alle jobbmoglegheitene i Stranda.
Flytt til bygder som gir deg denne kjensla; at du har funne rett stad
Stranda er ein kommune på Nord-Vestlandet, ikkje langt frå Ålesund. Her bur vi langs indre delar av Storfjorden, inkludert fjordarmane Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, med lett tilgang til Sunnmørsalpane, spennande arbeidsplassar og gode naboskap.


