
Om Denne Stranda AS
I Stranda har kommunen og næringslivet gått saman for å vise kvifor vi har gjort Denne Stranda til heimen vår. Hos oss er folk, idear og selskap frå heile verda velkomne. Vil du skape framtida di i Stranda?
Drivkraft for utvikling
Denne Stranda AS arbeider for å være ein sterk og synleg motor som koplar saman ressursar, aktørar og idear, for å skape bu- og skapelyst i Stranda. Vi skal være ei drivkraft for utvikling.
Verdiane våre:
Handlekraftig. Ekte. Inkluderande.
Ansatte:
Marie Kvalsnes Nygård - Dagleg leiar
Styret:
Oskar Gjærde - Prosjektdirektør i Grilstad (styreleiar)
Pål Morten Ringstad - Langlo
Sindre Mjelva - Hotelleigar Hotel Union Geiranger
Svein Gunnar Urke - Fabrikksjef Orkla
Bente Bonsaksen - Dagleg leiar i Bonseye
Einar Arve Nordang - Ordførar Stranda kommune

Våre partnarar og aksjonærar
Denne Stranda AS er eigd av næringslivet i Stranda og Stranda kommune. Som aksjonærar og partnar i Denne Stranda er bedrifter med på å styrkje utvikling og nyskaping i Stranda.

Ofte stilte spørsmål
Denne Stranda er eit eige aksjeselskap (AS), og ikkje ein del av Stranda kommune. Kommunen er ein av aksjonærane våre, saman med fleire lokale bedrifter, men vi er ein sjølvstendig organisasjon.
- Det betyr også at vi ikkje kan svare på spørsmål om kommunale saker. For slike spørsmål anbefaler vi å ta direkte kontakt med Stranda kommune eller sjå nettsidene deira.
Har du sett Grilstad sin reklame om «ikkje denne Stranda»? Namnet vårt er inspirert av dette konseptet – ein reklame som verkeleg har vore med på å setje Stranda på kartet, og som mange i Noreg kjenner til.
- Vi er ikkje ein del av Grilstad, men dei er ein av aksjonærane våre, saman med fleire andre lokale bedrifter og Stranda kommune.
Ved å seie Denne Stranda snur vi det litt – og set fokus på at det er akkurat denne plassen som kan vere rett for deg. Det er også grunnlaget for mykje av kommunikasjonen vår, som denne jobben, denne heimen og denne fritida.
Kort sagt: Vi ønskjer å løfte fram alle moglegheitene som finst her – i denne Stranda.
Vi har dessverre ikkje økonomisk høve til å sponse arrangement. Denne Stranda har ikkje kommersielle salsinntekter. All finansiering kjem frå partnarbedrifter og går fullt og heilt til vidareutvikling av Denne Stranda. Vi er likevel opne for andre former for samarbeid.